Big Ole P & Lil Missy – Big Ole P & Lil Missy

Countryduoen gjer ut ei selvtitulert debutplate som har både sjangerlek og spilleglede, men som mister litt poeng på produksjonen.

Foto: Julia Marie Naglestad

Big Ole P og Lil’ Missy er namnet på samarbeidsprosjektet til Ole Petter Andreassen (Black Debbath, Thulsa Doom) og Mona Helland Varpe (The Launderettes). De lager country av den nyare skulen som heldigvis har byrja å kapra terreng i musikkmarknaden. Prosjektet vart starta opp i Clarksdale, Mississippi på ein roadtrip i 2013. Året etter gav dei ut sin fyrste singel Still for you. 2015 gav oss neste singel Come back to me. Så vart det stilt på utgjevingsfronten.

Countrykalas

Ole og Mona har det morosamt med dette prosjektet, og det høyrest.

Det har i mellomtida vorte turnert, det har vorte laga musikk, og det har resultert i eit album som vert sluppe i dag, nærare 5 år etter fyrste singelen. Med så god tid kunne dei kanskje disponert tida litt betre i etterarbeidet med materialet. Heldigvis har råmaterialet potensiale nok til å slå gjennom den litt voldsomme (eller er det sparsomme?) produksjonen.

Opningsporet, Heavy water, set på mange måtar standarden for resten av albumet. Her er det duka for countrykalas. Det går relativt trygt og roleg føre seg gjennom stort sett heile albumet, god alternativ country som får tankane i retning White buffalo, Sturgill Simpson og Whiskytown.

Nett når ein kan stå i fare for å tru at dette er eit polert prosjekt utan dei store krumspringa, kjem ein til Shadow, låt nr. 5 på albumet. Etter fire rolige og sjangermessige trygge låter, er denne friske satsen mest som cowboypunk å rekna. Dette er ein sjangar som har ein tendens til å lokka til seg eit urovekkande tal flinkisar som ikkje maktar å tillegga musikken den sjela som trengs, utan at det går på kostnad av leiken. Ole og Mona har det morosamt med dette prosjektet, og det høyrest.

Synth og Steel

Sjangarleik, speleglede og ein flott dynamikk mellom musikarane er det som hadde vore dommen frå mi side, hadde det ikkje vore for produksjonen.

Det som slår meg relativt raskt, er mengda av klang og mangel på balanse i lydbiletet. Mogleg det er ein personleg preferanse, men eg vil påstå at synth og steelgitar har det betre som stemningskapande bakgrunn enn om det vert lyfta fram i så stor grad som det er gjort her. Det er vanskeleg å slappa av og lata musikken flyta, miksen er for lite balansert.

I sum er det  sjølve handtverket frå musikantane som dreg dette i land; melodi, tekst, arrangement og vokal (Ole syng fantastisk!).  Her er det grove mengder steelgitar, synth og Americana som kan gjera eit countryhjarta varmt og ømt. Beklageligvis har synth, steel, og kor fått for mykje studiotrykk.

Big Ole P & Lil Missy – Big Ole P & Lil Missy: 6 / 10

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*