Ny musikk fra Deathbarrel!

Foto: Promobilde
Deathbarrel slapp EP’en Rebuke Revoke 22. mai.

Deathbarrel spelar Outlaw-country signert Stavanger sin store son Ottar Stangeland, som etter eige utsegn jobbar hardt for å halde seg utføre fengselmurane (men feilar). 8 år har gått sidan Merciless Winds overraska underteikna som ei plate som stakk seg ut i ein sjanger som er kjenneteikna fyrst og fremst av ein mangel på store høgdepunkt. Country og western har etter kommersialiseringsbølga vorte ei sørgeleg soge, der kun outlaw-countryen står att som ein svanesong med røter i gamal stordom.

Gode språklege bilete

Ottar har kanskje ikkje hatt, men med Deathbarrel skriv han seg inn i ein stolt tradisjon med røter i Nashville og songar som har orda Prison og blues i seg.

Merciless Winds var i si tid ei gåvepakke for ein rockar på veg inn i 30-åra som såg på country som ein guilty pleasure, framfor ein seriøs sjanger ein kunne nytte tid på. Det er ikkje til å kome frå at country har ein tendens til å laga songar, for å ikkje sei heile album om å gå for å hente posten i bakrus etter at (…set inn det som passar). Standardalternativa er: Kona har reist, hunden har stroke med, sonen har reist i krigen, lastebilen har punktert.

Americana og country har mange diamantar, men det er dei uslepne steinane som stikk seg fram som høgdepunkt. Punkarar med cowboyhatt. For jævlige for bøndene, for skitne for akademikarane. Ottar har kanskje ikkje hatt, men med Deathbarrel skriv han seg inn i ein stolt tradisjon med røter i Nashville og songar som har orda Prison og blues i seg. Fyrst og fremst musikar, dernest pønkar. Deathbarrel kunne med rette tolka David Allan Coe sin slager «Long Haired Redneck».

Tekstuniverset er ikkje djupare eller meir hardtslåande enn sjangerkameratane, men Stangeland og co skal ha for mykje gode språklege bilete. Spesielt på South of the Border, som minner meg om scenesetjinga Kristofferson eller Nelson kan by på når dei er på sitt skarpaste.

Bra country

Eg heiar på Ottar. Og Deathbarrel.

Innan country får ein fort ei kjensle av å høyrt det meste før, oppskrifta er sett. «Walk of Shame», «South of the Border» og «Heard It All Before» er alle reale tolkingar av oppskrifta, ikkje nokon krumpspring å skriva heim om. Dei er bra. Dei er country. Og country er kult.

Slutten på «Simple Boy» er eit friskt pust. Sistelåta på EPen svingar det av avslutningsvis. Her vert det røpt musikalske preferansar som ligg nærare Danzig enn Bjøro Håland. Eg skulle ynskja dei siste 15 sekunda av «Simple Boy» kunne vorte eit album. Eit album om å hente stemning i posten etter å ha tukta ein bataljon militære ungdommar av porselen som ikkje respekterer privat eigedomsrett eller skjønar samanheng mellom handling og konsekvens. Eg heiar på Ottar. Og Deathbarrel.

3 Comments

  1. Kanskje den kjekkaste omtalen eg någen gang har lest. Ikkje mange stuene som huse både Bjøro og Danzig..men min gjør faktisk! Drive å leite itte gjemte mikrofoner i stuå nå…for yee know too much?

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*