Verdien av sint musikk – Patrick Fardal

Hei deg! Mitt namn er Patrick, og eg er sjef for musikksida Evig Lyttar. Takk til disharmoni for invitasjonen til å skriva nokre ord, eg skal gjere mitt beste.

Foto: Leiv Martin Green | Tekst: Patrick Fardal

Først av alt er det grueleg viktig for meg at du blir med meg på notane frå starten, elles vil eg kjapt mista deg i eit virvar av uforståelege setningar. Difor er det naudsynleg å forklara deg kva eg legg i omgrepet ”sint musikk”.

For meg kan såkalla ”sint” musikk gjere meg knusande roleg, mens eg blir steik forbanna av gladtonane i country og danseband.

I dag vil dei fleste tenkje på ”sint musikk” som svartmetall, hardcorepunk og den der såkalla ”skrik og skrål” musikken som dei fleste ikkje taklar å låna øyret sitt til i meir enn eitt minutt om gongen. Dette er på mange måtar sant, men eg har vel eigentleg funne ut gjennom årevis med forsking at det er oppfatninga av kva som er ”sint” musikk og ikkje som faktisk betyr noko. For meg kan såkalla ”sint” musikk gjere meg knusande roleg, mens eg blir steik forbanna av gladtonane i country og danseband. Dette var noko grovt forklart men du skjønar kva eg meiner.

Møtet med «Svartmetall»

Når eg var yngre, sånn rundt 15-16 år gamal, hadde eg det ikkje så forferdeleg greit heima. Me treng absolutt ikkje gå i detaljar om kvifor, men lat oss seie at eg hadde behov for å finna noko å distrahere meg sjølv med. Inn kom Geir Magne, ein person som skulle visa seg å bety mykje for den unge Patrick.

Det var som om ei remse med piggtråd hadde penetrert øyret mitt og scrambla hjernen min.

Han presenterte meg for noko som så fint heitte ”Svartmetall”. Eg hadde høyrt på Windir litt frå før, men det var jo ikkje så brutalt og mørkt – meir melodisk og vakkert. Men uansett – i handa mi putta Geir Magne ei plate som skulle bety meir enn ein klem, meir enn aksept frå folk, meir enn sinnet eg hadde i meg; Mayhem – Deathcrush. Du svarte satan for nokre brutale greier! Det var som om ei remse med piggtråd hadde penetrert øyret mitt og scrambla hjernen min, samtidig som nokon sparka meg så hardt dei kunne i mellomgolvet. Fy flate for ein openbaring – og eg skulle aldri sjå meg tilbake.

«McMusic 69, gå og legg deg!” Tenkte eg, og stakk rett heim til den slitne pc-en min for å utdanna meg sjølv i denne fantastisk feite sjangeren. Eg lasta ulovleg ned heile discografiar (dette var før Spotify), og Geir Magne mata meg med så utruleg mykje feitt – plakatar, cd-ar og alt mogleg himmelske, sataniske greier som berre resonnerte med meg på alle (ALLE!!) plan. Humøret mitt blei betre, eg ga meir faen i alt og eg kasta meg ut på vegen som skulle ta meg dit eg er i dag.

Når Satan inntar heimen

Mor mi var ganske så kristen når ho levde, så det var nok ikkje pur glede ho opplevde når Satan sjølv hadde innteke heimen.

Mor mi var ganske så kristen når ho levde, så det var nok ikkje pur glede ho opplevde når Satan sjølv hadde innteke heimen. Eg bestilte (ofte med hennar peng, må vite, eg var ung utan nokon spesiell form for økonomi) t-skjorter med solide og feite oppned kors på. Eg hugsar at Dissection hadde ein skamfeit gensar eg fekk lurt ho til å kjøpa til meg, som eg kun brukte når eg budde hjå pappa eller var på ferietur. Eg hadde den ofte i sekken og tok den på meg når eg kom på skulen, hehe.

Men i alle fall, ting utvikla seg i den retninga, og eg gjekk rundt i Kaupanger, ein ganske så trongsynt plass på den tida, med armyboots, frakk, torshammar og desse svartmetall t-skjortene med oppnedkors på. Toppen på kransekaka og smøret i risgrauten lyt nesten bli afroen min. Eg såg ganske rar ut, der eg halvfeit sprada rundt med eit resting bitchface som skremte livet av dei fleste! Haha. Gøy. Men, dette var ei avsporing.

Ein redning

Altså. Når du kjem frå ei bygd der det einaste som betydde noko for andre var fotball og bilgreier (dette er mitt syn sjølvsagt, ting har nok endra seg sidan den tid) så slit du jaggu med å tilpassa deg visse kretsar. Eg var heldig som kom inn i ein liten gjeng i Kaupanger, men ting blei så mykje betre når eg flytta til Sogndal.

Der oppdaga eg punken! Den sjangeren kan også vere ”sint”, tru meg. Men, det var godt å få ein pause frå den beksvarte svartmetallen altså, eg skal ikkje lyga. Det blir litt einsformig å skulle høyre på Mayhem – ”Chainsaw Gutsfuck” og liknande heile tida – humøret kan jo bli litt mørkt av slikt. Eg høyrte også ein god del på vikingmetal, men det var jo ikkje mørkt i det heile. Kult var det jo, for all del.

Uansett, no har eg rabla nok. Eg vil avslutte denne teksten her med ein konklusjon då, det bør eg jo kanskje. For meg så har ”sint” musikk på mange måtar redda livet mitt. Det har gitt meg utløp i ei tid då eg ikkje hadde noko bra i livet mitt, og det går ikkje lange stunda mellom kvar gong eg kastar meg inn i den verda der igjen – spesielt på vinteren. Då har eg dokumentarar (”Satan Rir Media” for eksempel, kanonbra), podcastar og plater klare.

Ofte når eg er stressa og ikkje får sove så gjer eg berre det eg gjorde når eg var ung og full av angst – eg klaskar noko beinharde tonar på øyret og søv som ein engel. Hjernen min roar seg faktisk ned av det heftige støyet! Tenk det!

Uansett, takk for meg, her er 10 plater du må sjekke ut (Playlist med alle albumene under!):

Mayhem – Deathcrush

Immortal – Sons of Northern Darkness

Taake – Nattestid Ser Porten Vid

Windir – Arntor

Darkthrone – Transilvanian Hunger

Aura Noir – The Merciless (Thrash, men det kan vere skamfeitt det også)

Emperor – In The Nightside Eclipse

Ulver – Bergtatt

Burzum – Hvis Lyset Tar Oss (Eg likar ikkje mannen bak og det han står for, men dei tidlege verka hans er fantastiske)

Dissection – The Somberlain (Seriøst. Fy faen for ei plate)

Her er 4 dokumentarar du må sjekka ut:

Satan Rir Media

Det Svarte Alvor

Until The Light Takes Us

Once Upon A Time In Norway

Og til slutt kjem ein podcast du bør høyra på:

P3 Dokumentär – Black-metal morden

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*