Ephemera – Seasons

Foto: Cecilie Bannow

Vurdering

Ephemera – Seasons: 5/6Karakter 5
16 år er gått sidan jentene i Ephemera song om jenter som held løyndomane skjulte på dei raraste måtar. I mellomtida har både dei og underteikna vorte noko visare, men ikkje naudsynt vaksnare.
Heldigvis.

Albumet opnar med «When the best ones are gone». Stemninga vert sett frå fyrste tone. Ikkje fest, men meir som stemninga etter gode vener har takka av for kvelden og ein sit med eit siste glas vin før ein tek kveld. Aleinenachspiel er noko av det beste som fins.

Leikent komp og fantastisk vokal

Dei fleirstemte partia er tidvis magiske.

Musikken har særpreget eg hugsar frå den gong, men med eit meir leikent komp som tidvis bryt litt med vokalharmoniane. Den fantastiske «Stranger» er eit eksempel, instrumenta insisterer på å vera i framkant, men må sjå seg slått av den fantastiske vokalen.

Dei fleirstemte partia er tidvis magiske. Tre individuelt sterke stemmer som utfyller kvarandre og lyftar songane, utan at det tek av på noko tidspunkt. Gladtrygt, av mangel på betre ord.

«Hopeful» er det mest drivande og leikne sporet på albumet, utan det poppa preget som kom med singelen «Magic» som kom førre sommar.

Passar til alt

Eg vart ikkje skuffa. Tvert imot er Seasons ei plate som gjer meg glad.

Singelen frå i fjor gjorde at eg frykta at bandet hadde valt å gå for popen for å gjenskapa seg sjølv, men eg vart ikkje skuffa. Tvert imot er Seasons ei plate som gjer meg glad.

Timinga er og god, då dette er ei plate som gjer seg godt til både aktiv lytting, og loungemusikk medan ein prøver å få ungane til å la vera å skada seg sjølv i jakta på stimuli innføre huset sine fire veggar i desse karantenetider.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*