Trondheim Rocks 2018

Første helga i Juni var det dags for ein ny storsatsing på festivalfronten i Trøndelag.

Foto & Tekst: Jarand Aga Baas

Første helga i Juni var det dags for ein ny storsatsing på festivalfronten i Trøndelag. Trondheim Rocks spara ikkje på krutet og kunne by på ein solid og variert line-up, med namn som Hellbillies, Kvelertak og Iron Maiden på plakaten. Eg vitja rockekavalkaden utan å vite heilt kva som låg i vente, men kan no melde om ein formidabel festivaloppleving.

DAG 1

Festivalen fekk ein knallstart då meteorologane kunne spå ein solrik sommardag. Eg var inne i tide til Hellbillies og publikum var i ferd med å samle seg. Bandet drog igong eit variert knippe låtar, deriblant fleire klassikarar som fekk varma opp folkemengda.

Skambankt var definitivt eit av høgdepunkta denne laurdagen, Terje Winterstø og resten av bandet var i knallform.

Idet Hellbillies runda av antok bergenske Blood Command den andre scena. Sett bort ifrå mikrofontrøbbel og tekniske startvansker fekk bandet blåst frå seg 45 minutt med energi. Publikumsfavoritten «High Five For Life» sett verkeleg stemninga for resten av kvelden, bandet fronta også den kritikarroste «Cult Drugs» med fleire knallharde låtar.

Skambankt var definitivt eit av høgdepunkta denne laurdagen, Terje Winterstø og resten av bandet var i knallform. Livlege og sjølvsikre fekk dei fart på folkemengda med ei blanding av gamle og nye låtar, O Dessverre og Vår Bør må seiast å være definitive favorittar. Imellom slaga utrykkjer bandet også ein audmjukheit ovenfor folket, dei er tydelegvis takknemlege for å få spele på første utgåve av Trondheim Rocks. Skambankt er fortsatt aktuelle i rockescena, noko publikum ikkje legg tvil på etter denne konserten.

Skambankt har hatt et aktivt år på konsertfronten. Foto: Jarand Aga Baas

Sålangt var festivalen ein nokså roleg og ryddig affære, dei brutale ølkøane byrja så smått å ta form. Det vart fort tydeleg at headliner Volbeat dominerte på festivalmote-fronten, kanskje å forvente då dei er eit stort band her i Norden. Sola steikte som verst på ettermiddagen og undertegnede måtte ta strategiske drikkepausar i skuggen, noko arrangørane også oppfordra publikum om å gjere ved hjelp av store skjermar.

Eg sto forventningsfull då svenske Refused gjorde seg klare, dette bandet har eg lenge hatt lyst til å sjå. Forventningane vart innfridde då bandets energiutblåsing overgjekk noko anna denne dagen. Det aggressive utrykket til bandet samt vokalistens underhaldningsevne skapte liv og røre i publikum, det var vanskeleg å ikkje la seg rive med. Elektra og New Noise gjorde konserten til ein av laurdagens meir minnerike opplevingar. Frontmann Dennis Lyxzen gjorde også eit godt poeng ut av at festivalens svære line-up bestod av berre ei kvinne. Honningbarna tok over stafettpinnen etter Refused med same punkete uttrykk. Dette bandet sluttar ikkje å skuffe då dei konsekvent leverer eit heftig og sterkt show kvar gong dei opptrer. Stagedives, sceneklatring og publikumsfrieri prega denne konserten mykje. Litt intenst vert det, men sjølv eg synes det var vanskeleg å stå stille.

Kveldens headliner var danske Volbeat, og tydeleg trekkplaster for mange. Då eg skulle gå frå inngangen til scenekanten sto folk som sild i tønne. Etter ti minutt fekk eg åla meg fram 20 meter i tide til konsertstart. Showet var i gong og festivalområde er tettpakka. Gitarist Rob Caggiano imponerar med akrobatiske gitartriks i det første låt startar. Bandet er samstemt, lyden av nærmare 18.000 menneske får musikarane til å glise. Ei variert setliste virkar til å tilfredsstille fansen, for dei som er framande for bandet er låtane lette å like og trampe med på. Volbeat skapar ein verdig slutt på første festivaldag men sin danske hardrock, og fornøgde folk går heim denne kvelden.

DAG 2

Spidergawd gjorde ein formidabel innsats for fansen. Groovy, hardtslåande og høg rockefaktor.

Dag to er litt tung då gårsdagen bestod av mykje trakking og litt for lite vatn. Det overskya været såg ut til å prega festivalgåarane noko, då folk var treige til å samle seg. The Raven Age opnar ballett men imponerar ikkje stort. Bandet speler ei form for melodiøs hardcore utan særleg variasjon, noko som resulterer i ein mindre ektefølt konsertoppleving. Etter ein treig start på dagen får Lillasyster derimot ein heilt annan reaksjon, med sin grove tungrock. Bandet har god kontakt med publikum og virkar til å kose seg på scena. Ein artig mikstur av punk og nu-metal ser ut til å være rett medisin for trøtte festivalgåarar.

Kvelertak samlar mykje folk lenge før konsertstart, inga overrasking då dei må seiast å være eit av Noregs beste liveband. Erlend Hjelvik og Co er i toppform og serverer låtar på løypande band. Eit samstemt og sjølvsikkert Kvelertak står på scena denne søndagen. Evig Vandrar og 1985 vert høgdepunkta for min del, det er ufatteleg kjekt å sjå på når bandet utstrålar så enormt mykje energi. Ein spekka konsert frå eit utruleg band. Etter dette vart det berre betre, Spidergawd gjorde ein formidabel innsats for fansen. Groovy, hardtslåande og høg rockefaktor. Ein dyktig frontmann ledar bandet gjennom gamalt og nyare materiale, deriblant Is This Love? og El Corazon Del Sol. Kvelden nådde nye høgder då Erlend og Maciek frå Kvelertak kjem ut på scena og stemmer i på Stranglehold. Det augneblinket gløymer eg ikkje med det første.

Trondheims egne helter i Spidergawd leverte et formidabelt sett. Foto: Jarand Aga Baas

Til tross for at skydekket hadde lagt seg over festivalen var ingen klare for å gå heim endå. Svenske Sabaton fekk blodet til å pumpe hos mange, krigstematikk og power metal går absolutt hand i hand. Teknisk presisjon og entusiasme prega bandet. Etter 40 minutt var eg godt fornøgd og ofra dermed tid til å ete og drikke.

Kveldens store hending var i ferd med å byrje. Iron Maiden treng ingen introduksjon, det klarar dei heilt fint sjølve. Eg veit allereie godt før konsertstart at dette vert eit fargerikt show, etter scenepryden å døme. Det smell kraftig då Bruce Dickinson og gjengen opnar det heile med Aces High. Bandet har utan tvil sans for det teatralske. Denne kvelden smeltar sceneeffektane, backdropen, Eddie og det ulmande været saman til ei heilt rå atmosfære. At karane i Maiden bevegar seg oppover i 60-åra skulle ingen tru, når dei konstant hoppar rundt på scena. Blant klassikarane kjem låtar som Revelations, The Clansman og Flight Of Icarus. Stemninga rekk også å verte lumsk då Fear Of The Dark startar og publikum syng med i regnet. Det er ingen tvil om at Maiden avsluttar eit utsolgt Trondheim Rocks på eksplosivt vis.

 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*