Friendship – Ain’t No Shame

Oslotrioen Friendship slepp i dag albumet «Aint No Shame», og det er i sanning skamlaust. Tidskoloritten frå 60- og 70-talet er så intenst til stades at eg vert beskjemma av å streama materialet, framfor analog formidling.

Foto: Olav Areklett Vikingstad

Eg kjem ikkje utanom å byrja med å nemna gitarspelet på denne utgjevinga. Dette er absolutt verdsklasse. Tilnærma uansett sjanger. Spesielt partia med svingande wah eller gain skrudd på 11 er fantastiske.

Albumet er på ingen måte gjennomført, det er enkeltspora som står i fokus, og det er ingen raud tråd å spora, med unntak av gitarelementet nemnt i førre avsnitt. Av enkeltspora har bandet sjølv plukka ut singlane Gypsy og Got Me Feeling So Good. Båe gode representantar for både emne, glød og spenn i produksjonen til bandet.

Høyres kjent ut

Eg kjem ikkje utanom å byrja med å nemna gitarspelet på denne utgjevinga. Dette er absolutt verdsklasse. Tilnærma uansett sjanger. Spesielt partia med svingande wah eller gain skrudd på 11 er fantastiske.

Gypsy svingar seg leikent gjennom eit relativt enkelt oppsett og komp, men det er så reint at humøret smittar. Ser føre meg denne hadde fått tung rotasjon under Moslet sitt regime i P3. Got Me Feeling So Good gjer nettopp det. Ei lett sommarsleg pop-låt utan dei heilt store vendingane eller overraskingane. Reinsleg og finsleg. Fire vil eg trekka fram som eit siste spor som er verdt eit gjennomhøyr. Kort og sint, med eit snerr av ein gitarsolo på slutten.

Gjennom nostalgionanien og det fabelaktege gitarspelet kjem det likevel ein bismak eller to i løpet av albumet. Den eine er at det høyres kjent ut, det er gjort før, og difor lite spanande den store dynamikken til trass. Mogleg det er Christian Engfeldt (Studio Paradisio – Cato Salsa Experience, Big Bang et. al) sin signatur som er så signifikant.

Vidare kjennest det litt internt i uttrykket. Som eit folkehøgskuleband, eller eit vellykka nachspielensemble som spelar for ein etablert menighet. Det vert litt for strøkent til at eg heilt maktar tru på linken til Haight Ashbury og samtidige kollektiv og kokekar.

Friendship – Ain’t No Shame: 6 / 10

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*