Emmerhoff & The Melancholy Babies – Circle Six

«Emmerhoff er tilbake i storform» stod det å lesa i emnefeltet når eg fekk tilsendt «Circle Six» for gjennomhøyring for ei tid tilbake sidan. Spanande, me lyt sjå, tenkte eg, og starta musikken. Albumet kjem ut i dag på Apollon Records.

«Circle Six» gav meg den euforiske kjensla ein får når ein oppdagar eit band ein ikkje har høyrt før. Den ufattelege kjensla ein har når oppvarmingsbandet har nytta underdogposisjonen sin og spelar fletta av headlineren.

Albumet startar med Boreas, ein sjuminuttar (Halleluja!) med eit suggerande riff av ein kvalitet ein helst må til svartmetallen for å finna. Boreas har alt albumet har, og er ein god prolog for det som skal koma. Drivande rifflinjer og overgangar som gjer at musikken ikkje tillet lyttaren å nytta han som bakgrunnstøy. Musikken flyt i så stor grad at ein må vera merksam for å få han med seg. Sju minutt kjennes for kort.

Skrekkblanda fryd

Albumtenkinga melder seg att. Side A på ein eventuell vinyl får 10/10.

Heldigvis held dei fram med Koral. Etter det knallsterke opningsporet må nokon roa ned gemyttane utan å øydelegge stemninga. Som enkeltspor er Koral korkje spanande eller nyskapande, men i dette høvet er det heile albumet som stikk seg ut, og albumet treng Koral. Nok ei gong suggerande, denne har eg nynna på ca. samanhengande sidan eg høyrde han fyrste gong.

Aerial fylgjer opp med meir fart, og representerer nok eit brot i plata. Plata skiftar her litt tempo, og her byrjar det demra for meg at nokon har nytta tid på å setje saman eit Album. Verdas beste kjensle, og ein legg seg tilbake med litt skrekkblanda fryd: Kan dette halda fram?

Singelen Desert Ritual fylgjer opp Aerial i fart, men knepper intensiteten opp mange hakk, og samlar elementa som bandet har bydd på så langt på plata. Det vert riffa, det vert støya, det vert klimpra og brølt. Det heile er så skamlaust vitalt at det kjennes som eit lite crescendo. Albumtenkinga melder seg att. Side A på ein eventuell vinyl får 10/10.

Rein atmosfære

Lovers Left Alive er den einaste låta eg hadde fordommar mot. Eins på grunn av tittelen. Låta er ikkje særs meir spanande enn tittelen skulle tilseia. Det einaste keisame elementet på albumet. Med intensiteten og djupna i resten av plata med i kalkulasjonen, er kvileskjær lov. Låta høyrer heime på plata, ho passar inn i progresjonen og driven, men ho hadde ikkje trengt å vera så standard.

Etter ein så fantastisk sterk fyrste halvdel, kunne eg vore skuffa av dei siste fire spora. Men det klarer eg ikkje. Fyrste halvdel av plata malar opp eit så ufatteleg intenst bilete at ein treng dei for å landa.

BB er rein atmosfære. Overgangen til avslutninga på plata er myrk, seig og suggerande. Det flyt, og masserer ein tilbake til kjensla ein sit att med etter Desert Ritual. Som om Lovers Left Alive aldri skjedde.

Ein ny sjuminuttar med Astral Nomad. Litt langtekkeleg, ein er på veg mot enden av plata. Det er framleis for vitalt og spanande til at det kjennest som fyllstoff, men på dette tidspunktet byrjar eg verte litt apatisk til universet dei har laga for meg. Det byrjar gå litt treigt no, seglar inn mot siste låt.

Sleepwalker er nok ei låt som passar inn, meir enn han utmerkar seg som enkeltlåt. Men han limer det heile saman, og set eit verdig punktum for ei god plate som er verdt ei gjennomhøyring eller tolv.

Musikkleik med sjeldan glød

Etter ein så fantastisk sterk fyrste halvdel, kunne eg vore skuffa av dei siste fire spora. Men det klarer eg ikkje. Fyrste halvdel av plata malar opp eit så ufatteleg intenst bilete at ein treng dei for å landa. Ei lenke er aldri sterkare enn det svakaste ledd seiast det. Men dette er ei plate, ikkje ein kjetting, så eg får meg ikkje til å lata det lille øydelegge for mykje for heilheiten.

Ei lenke er aldri sterkare enn det svakaste ledd seiast det. Men dette er ei plate, ikkje ein kjetting, så eg får meg ikkje til å lata det lille øydelegge for mykje for heilheiten.

Eg måtte gjennom resten av katalogen til bandet som har spelt saman sidan det myrke 90-talet, på jakt etter eit råare uttrykk, meir galskap, men Emmerhoff har tilsynelatande gått mot straumen, spesielt fyrste halvdel av dette albumet. Utviklinga har gått frå trygg, roleg og relativt gørr indie til musikkleik med sjeldan glød og utan dei altfor konforme vendingane. Siste halvdel av plata kunne nok passa inn i tidlegare verk, i all sin mangel på overraskingar. Men dei passar inn av di nokon må slutte av ballet.

«Circle Six» er vitalt, det er leikent, og det er gjennomført på alle nivå. Om dette er starten på ei utvikling og ein evolusjon av bandet, gler eg meg som ein gris til neste album. I mellomtida skal eg kosa meg med «Circle Six» (Side A).

Emmerhoff & The Melancholy Babies – Circle Six: 8 / 10

Emmerhoff & The Melancholy Babies på Facebook

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*