Ruben Magnus: «Ta det med ro»

Pressefoto
Ruben Magnus (Kolås) er ein singer/songwriter fra Ørsta på Sunnmøre. Elektroingeniør i Oslo på dagtid, aspirerande forfattar, poet og songskrivar på kveldstid. Han har laga songar i fleire år, og eit par av dei har i det stille havna på Spotify. Det jobbast no mot eit album med produsenthjelp fra både sambygding Egil Olsen og Andreas Molde fra det eksotiske Østlandet.

Med oppvekst og skulegang eit steinkast unna Ivar Aasen sin barndomsheim, har songane eit sterkt fokus på tekst og eit ønske om å formidle noko. Dei dreier seg ofte om menneske som på forskjellige måtar har havna litt på kjøret, enten i form av barn som tenner på barneskulen sin i eit forsøk på å rope om hjelp, eller einsame som knuser lyktestolper i si kjærleikssorg. Musikalsk kan songane minne om eit møte mellom Beatles og Radiohead ved eit mørkt gatehjørne som blir påkjøyrd av Stein Torleif Bjella.

Den nye singelen «Ta det med ro», er no ute på Spotify og andre streamingtjenester. «Ta det med ro» tek opp ei mengd tema som har vore og fortsatt er på dagsordenen, med steile fronter på alle kantar. Diskusjonane rundt slike tema bruker ofte å kollapse i dagens landskap av sosiale medier og endelause kommentarfelt. Det kan kanskje vere ein fordel dersom vi alle, etter ein litt lang og slitsom apokalypse, pustar med magen og tek det med ro.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*