Airhog – #FringeRock

Bilde av medleme i bandet Airhog i sort-hvit
Foto: Promobilde
Det norske metalbandet Airhog debuterer i dag med sitt audiovisuelle konseptalbum #FringeRock via Neverton United.

Vurdering

Airhog – #FringeRock : 5/6Karakter 5

Dette «audiovisuelle konseptalbumet» dumpa inn i mailboksen min med ein lang tekst om inspirasjon, føremål, djupe spørsmål og ord eg måtte dobbelsjekka i ordboka for å sikra meg at eg hadde rett formeining om. Tekstane og fleire av låttitlane ber preg av at det er mykje bodskap som skal ut. Når det kjem til musikk, skal det noko til før eg oppsøker politikk eller emokrati for å lata meg engasjera. Noko ambivalent (hah) sette eg på albumet for å sjå om dette var så svevande og avansert som promoen ville ha det til, eller om musikken aleine stod seg.

Platecover til Airhog albumet #Fringerock

Drivande rock med sørstatsrock/metall som episenter.

Ambisjonane har ikkje gått ut over kvaliteten på musikken. Audivosuelt står det seg som ein påle aleine. Dette er drivande rock som står kledeleg breidbeint over mange undersjangarar, med sørstatsrock/metall som episenter.
Stemninga som her vert servert er hinsides både fake news, pandemiar, sanningsøking og propaganda. Eit fantasifullt samansurium av preferansar i absolutt alle retningar som vert presentert i eit aukande tempo gjennom dei 40 minutta det tek å koma til endes frå ein entrar kaninholet. Intenst, på grensa til aggressivt. Tidvis insisterande, men med velkomne brekk som er skamlaust bra tima.

Store mengdar kaos, prog og allsangbrøling

Dei to fyrste spora «Down Some Random Rabbithole» og «Ars Esoterica» har gått på repeat i heimen.

Det kjennes meiningslaust å melda enkelstspor frå denne utgjevinga. Det er for god, samanhengande progresjon gjennom albumet til at enkelteltdelane kan trekkast fram for min del. Dei to fyrste spora «Down Some Random Rabbithole» og «Ars Esoterica» har gått på repeat i heimen, då dei etablerer stemninga for det komande auset på mesterleg vis.
Om eg ser føre meg alle vorspiel eg ynskjer å gløyme, kan Airhogs med denne utgjevinga ha soundtracket frå ende til annan. Her er store mengdar kaos, prog og allsangbrøling som passar til både den 18 år gamle drittungen eg var då (som helser på innomellom) og den konforme familiefaren eg stort sett er no.

Meldinga er som sagt for musikken aleine, som isolert sett er ei oppleving. I denne omgang er det meir enn tilfredstillande for min del. Om verket får ein tilleggsdimensjon av ekstra materiale får eg eventuelt ha det til gode.
Dette er drivstoff til eit vorspiel på ein kveld det går lange tider før nokon vågar snakka høgt om. Nytast med ein litt for sterk whisky, gjerne heimelaga.

 

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*