Andreas Rotevatn: eklektisk dansbar jazzpop

Foto: Grappa Musikkforlag
— I mitt virke har det på den eine sida vore ein valdsam variasjon: frå tradjazz, via ska, til eksperimentell verdensmusikk til hip hop. Men samstundes er det ein raud tråd som alltid gjeng att – nemleg det dansbare! Oppsummeringen kommer fra Andreas Rotevatn som er ute med albumet Av Daude Gror på Grappa.

Det er et virkelig mangfoldig album, men som altså gjennomsyres av et snikende groove og en fin flyt. Platen har noe så uvanlig som en trombone i fokus og tanker om hvordan avslutning kan gi spire til ny vekst.

Her forteller nordfjordeidingen til disharmoni.no om veien frem til en solokarriere, viktigheten av samarbeid og et språk som kjennes naturlig.

Anders Rotevatn – Av Daude Gror, cover av Bjørnar Sira
Kan du først si litt om hvem du er i norsk musikkliv for de som ikke kjenner deg fra før?

— Mellom anna har det ført til spellemannsnominasjon, arbeidsstipend frå kulturrådet og mest av alt store musikalske opplevingar for eigen del.

— Eg har vore frilans jazz-trombonist i over 10 år. Eg har vore med i ulike samanhengar som Cezinando, Jaga jazzist, Ytre Suløens Jass-Ensemble og Razika. Men etter nokre år som medspelar i andre sine prosjekt, melde ynskjet om å stå litt lengre framme på scena med sin eigen musikk seg. So det førde til oppstarten av prosjektet OJKOS i 2018, og no til mitt eige soloalbum.

— Og sjølv om ein ved å satse på sin eigen musikk, tek ein sjans når det kjem til både økonomi, sysselsetjing og eiga mentale helse – det er jo intenst å stille seg so lagleg til for hogg – so har det vore eit godt val for meg. Mellom anna har det ført til spellemannsnominasjon, arbeidsstipend frå kulturrådet og mest av alt store musikalske opplevingar for eigen del.

Hvorfor trombone? Når begynte du selv å spille og synge?

— Hehe, trombone vart det rett og slett fordi det var det var ledig då eg ville bli med i korpset. Og 26 år seinare er det framleis meg og trombona. So eit typisk tilfelle på at det tilfeldige kan verte ganske so avgjerande i eit liv.

Anders Rotevatn. Foto: Ingvil Skeie Ljones
Hva får du ut av musikken?

— Som Olav H. Hauge seier i eit intervju til NRK: “eg trur det at den som torer seia mest trygt «EG», og seia det han sjølv har opplevd, han kan snakke for andre òg”.

— Noko av det mest gjevande ved å lage eigen musikk for min del, er at ein med utgjeven musikk kan skape ein slags tidskapsel – både av kven eg er som person, men og av tida eg lev i. Og på ein måte lagre mine tankar og draumar i form av kunst. Om den kunsten klarar å overleve inn i framtida, dersom den er bra nok då, so kan nokon som kjem om 50 år eller 500 år skjøne litt betre korleis det var å vere meg. Som Olav H. Hauge seier i eit intervju til NRK: “eg trur det at den som torer seia mest trygt «EG», og seia det han sjølv har opplevd, han kan snakke for andre òg”.

Du har en Bachelor i jazztrombone fra Griegakademiet og Master i utøvende musikkteknologi fra Norges Musikkhøgskole. Hvilken betydning har disse utdannelsen hatt for deg som musiker og komponist?

— Dei har vore essensielle for at eg driv med musikk i dag, det er eg sikker på. På den eine sida gav utdanninga meg kunnskap, som gjer meg meir allsidig og kompetent. Men mest av alt fekk eg eit strålande nettverk av samarbeidspartnarar og kollegaer. Prosessen med å jobbe med musikk, innheld vanlegvis ein form for samarbeid. So ved å studere på gode skular, fekk eg gode kontakter eg nyt godt av den dag i dag.

Hva lærte du på skolen?

— Utover rein kunnskap om musikk, lærte eg vel mykje om samarbeid. Og fekk ei innsikt i at det å vere hyggeleg og samarbeidsviljug, tek deg lengre enn spisse olbogar og ei tøff i trynet-haldning.

Hva har du ellers tatt med deg fra samarbeid med Jaga Jazzist, Gabrielle, Fieh, Evalina Petrova Trio, Cezinando, Ytre Suløen Jazz-ensemble og andre?

— Då eg kom ut i det frie musikklivet, synte dette (svaret over red.anm.) seg å stemme endå betre. Gong på gong, når eg har møtt eller samarbeidd med musikarar som har vore mine førebilete og idol, so har eg nesten vorte overraska over kor hyggelege og imøtekomande dei har vore! Seinast i fjor haust, då eg tok ein råkjangs og sende eit brev til Jon Fosse med musikken og tekstane mine, fekk eg røyne dette. Eg spurde om han tilfeldigvis kunne tenke seg å skrive liner notes til plata, noko eg rekna for usannsynleg, sjølvsagt. Og jau då, det hadde han nok ikkje tid til. Men berre det at eg fekk eit svar! Frå ein seinare nobelprisvinnande forfattar, og eit hyggeleg og oppmuntrande svar i tillegg! Det var ei herleg stadfesting på at dei aller beste er av den hyggelege sorten, og at det er slik ein kjem seg framover her i livet.

Du var også med på å danne OJKOS hvor du har vært med i seks år. Fortell om det orkesteret og dets påvirkning på deg som musiker og komponist.

— OJKOS var vel då manifesteringa av eit behov for å skape noko eige og å arbeide med min eigen musikk. Eg tok initiativet til å starte komponistkollektivet i 2018, og fekk med meg fire andre i oppstartsprosessen. I OJKOS spelar medlemmane kvarandre sin musikk på rundgong, og samarbeidar om å få realisert ny musikk. So heller enn at ein sit på kvar si tue og skular bort på nokon som held på med nokolunde det same som deg, so ville vi slå oss saman mot eit felles mål. Vi bestemte òg at ein kun kan vere med i bandet i 5 år, so no har eg nyleg spelt mitt siste bestillingsverk. Og ein ny generasjon med 14 yngre komponiststemmer har teke over!

— For min del har arbeidet med OJKOS vore veldig gjevande, både musikalsk og mtp. eiga karriere. Dei to platene med min musikk – Alea Iacta Est og Mensa Rotunda – gav meg høvesvis Spellemannsnominasjon i 2020 og prisen for “årets verk” frå Norsk jazzforum i 2023.

Du har valgt å synge på dialekt/nynorsk. Si litt om det valget og betydningen for kommunikasjon med publikum.

— Sjølv om ein på den eine sidan kan sei at musikk på engelsk er ein del av eigenarten i pop-sjangeren, at det er ein slags tradisjon å bruke engelsk på tvers av land, so måtte det verte på norsk for meg.

— Det på synge på eiga dialekt, var ei val eg kjende at måtte skje. Eg var jo inne på tanken om å skrive tekstar på engelsk, og Sofie Tollefsbøl som syng på tre av låtane, syng jo vanlegvis på engelsk.

— Det som gjorde at eg vart sikker på at mi plate måtte vere på norsk, var då eg var på ein intimkonsert for nokre år sidan. Då var det kanskje 10-15 i publikum, det var i Noreg, alle var norske, og artisten som skulle ha konsert var norsk. Og snakka på norsk til publikum mellom låtane. Men so når musikken starta, so var det då på engelsk. Det kjendest smått absurd. Sjølv om ein på den eine sidan kan sei at musikk på engelsk er ein del av eigenarten i pop-sjangeren, at det er ein slags tradisjon å bruke engelsk på tvers av land, so måtte det verte på norsk for meg.

Hvilket forhold har du selv til det nynorske og Ivar Aasen? Si litt om hvordan dette albumet skiller seg fra dine tidligere utgivelser.

— Forholdet mitt til nynorsk er vel av den naturlege sorten. Det er eit språk som ligg nær mi dialekt, so for meg er det ei sjølvfylge å bruke språket. Derfor vert eg so lei meg når nokon snakkar dårleg om nynorsk. Og kanskje gjer narr av det. Det kjennest jo som ei personleg fornerming, fordi det omhandlar min identitet og kven eg er.

— So om ein skal peike på det som er nytt og annleis på Av daude gror samanlikna med mine to tidlegare utgjevingar, so er det jo språket. Altso, at det i det heile er vokal! Vokal er jo eit ekstremt instrument, som tek sin naturlege plass som frontfigur og sjef over alle dei hine instrumenta i ei låt. Alle legger merke til vokalen, men alle legger ikkje nødvendigvis merke til trombone-akkordane i bakgrunnen, he he.

Foto: Ingvil Skeie Ljones
Fortell om bakgrunnen for valg av albumtittelen Av Daude Gror. Hvilket forhold har du selv til død og vekst, planter og utskifting?

— Men samstundes so trur eg god kunst kan seie noko politisk uansett.

— Altso, umiddelbart kan jo tittelen høyrast noko deprimerande ut. Men for meg er det tvert om! Det er jo noko buande positivt, i at det frå ei avslutning kan vekse noko nytt. So for meg kan tittelen avspegle både nokre personlege endringar i mitt eige liv dei siste åra, men òg som musikar, sidan prosjektet OJKOS no er over og eg tek til på eit nytt prosjekt.

— Og so er det vel kanskje ein tanke om naturkrisa som ligg der òg. Eg har ikkje so sansen for utprega politiske bodskap i tekst, det kan verte noko eindimensjonalt og lite tidlaust av det. Som Olav H. Hauge påpeika i dagboka si om Bjørneboe si bok Jonas: “Det er eit stridsskrift, og dette at Bjørneboe har so mykje han vil ha sagt, svekkjer gjerne boki som kunstverk”

— Men samstundes so trur eg god kunst kan seie noko politisk uansett. Og med eit fokus på vekst og grøde, so kan eg jo syne at eg tenker naturen er viktig. Og med det seie at ein skal vere miljømedvitne. Men utan å seie det eksplisitt.

Hvorfor jazz? Si litt om forholdet til musikalsk mangfold, dualitet og variasjon og om ditt forhold til pop og klubbmusikk og hvordan dette har påvirket Av Daude Gror.

— Som for meg er heilt naturleg, då alt har noko dansbart og groovy ved seg.

— I mitt virke har det på den eine sida vore ein valdsam variasjon: frå tradjazz, via ska, til eksperimentell verdensmusikk til hip hop. Men samstundes er det ein raud tråd som alltid gjeng att – nemleg det dansbare! Alle prosjekt eg har jobba mykje med som utøver, har hatt det til felles at det er det rytmiske som står i fokus. At alle band og sjangrer eg har vore involvert i på eit vis er fødd ut at jazzen, eller i alle fall frå dei sjangermessige forgreiningane som har kome dei siste 100 åra.

— So på albumet mitt vil ein finne inspirasjon frå alt frå house, progrock, reggae og hip hop, til gospel, ballettmusikk og new orleans-gateparade. Som for meg er heilt naturleg, då alt har noko dansbart og groovy ved seg. Men eg skjønar jo at det kan framstå som sprikande for andre! Men det stend eg fint i, det todelte og kløyvde, i ei slags symbiose.

Fortell om musikerne som du har med deg på dette albumet og deres musikalske bidrag.

— Alle musikarane på plata har ei unik evne til å skape utruleg groovy musikk, og bandet eg fekk med i studio, var ei fryd å jobbe med. So god stemning og so god arbeidsflyt! Nok eit eksempel på at hyggeleg varar lengst.

Sofie Tollefsbøl

— Herleg songar, som har den evna til å synge kva som helst, og likevel få lyttaren til å spisse øyrene og å følgje med

Sander Nordahl

— Ein av dei få eg veit om som klarar å skape eit heilt personleg, tydeleg og unikt sound på gitar, noko som er lettare sagt enn gjort sidan der er so mange ein kan samanliknast med til ei kvar tid.

Nikolai Hængsle

— Eg spurde han med ærefrykt om å vere med på plata, då eg har høyrt på musikk han har spelt på i so mange år. Og som med Jon Fosse, ein positiv og hyggeleg kar, som ikkje har stjernenykkar i det heile!

Elias Tafjord

— Yngstemann på plata! Men ikkje til forkleinelse på nokon måte, han er ein av mine absolutt favorittrommisar. Og med det ungdommelege kjem det der akkurat passe skråsikre, som er forfriskande å ha i ein kreativ prosess!

Hans Petter Lindstrøm

— Eg sendte to av låtane til Hans-Peter, og spurde han om å fargelegge etter sin eigen smak med alle synthar og effektar han hadde i studioet sitt. Tilbake fekk eg nydelige lyd-landskap! Òg ein påfallande hyggeleg type, trass alle spellemannsprisar og status som gudfar innan space discoen.

John Wizards

Sør-afrikanar som lagde eit fantastisk album som kom ut i 2023, som eg har høyrt ihjel. Fekk kontakt etter at eg siterte ei låt frå albumet hans, på mitt eige album Alea Iacta Est. Har eit unikt musikalsk uttrykk, som passa som hand i hanske på låta «Ovmodmood».

Christopher Bill

— Noko so uvanleg som ein trombone-influenser! Kom i kontakt på nettet, etter han fekk sjå ein video kor eg spelte trombone med effektpedalar. La på trombone-orkester på siste spor på plata.

Henriette Eilertsen

— Norges fyrste utdanna jazzfløytist, og ei eg har samabeida mykje med, mellom anna i OJKOS. Henriette sitt spel + lesliekabinett vart ein nydeleg hybrid av akustisk fløyte og mellotron.

Kan du til slutt velge ti låter som på en eller annen måte har inspirert denne platen, eller deg som musiker, og si hva du har fått ut av de?

— Ti låtar som ein faktisk kan finne sitat frå eller parafraser av på albumet:

Milestones – Miles Davis

Petrushka – Igor Stravinskij

Mer av deg – Emir

I cover the mountaintop – Elephant 9

Yeah I know – the 1975

Velkomne med æra – Geirr Tveitt

Ko Sira – Oumou Sangaré

You Rock my world – Michael Jackson

Khmer – Nils Petter Molvær

— Og tekstleg kan ein finne sitat/parfrasar av m.a.

Hornelen – Jakob Sande

Nordfjordsongen – Amund Mork

Fuglane – Tarjei Vesaas

Latiske fadervår – Gud

Håvamål – Odin

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*