Inderlige Avind

Foto: Bedroom Eyes
– «Stiller altfor mange krav» er den einaste heile setninga, i alle tekstane på plata, som blir repetert etter kvarandre i låta «Ikkje tenk på det». Den låta handlar ganske enkelt om korleis ein som menneske har veldig lett for å havne i tankesirklar som ikkje gjer oss spesielt godt. Det å fokusere på desse tinga på ein god måte, gjer at vi kan bli bevisste på kva som gjer oss akkurat slik, og vi kan senke krava til oss sjølv litt, mener Tonje Tafjord i Avind som er aktuelle med nettopp albumet Stiller Altfor mange krav på Banditt Media. De har også gjenoppsattt releasekonsert på Revolver 20.januar sammen med Bedroom Eyes etter at den første måtte avlyses samme kveld som den fant sted, grunnet brannpåsettelse på toalettet.
Stiller altfor mange krav er en inderlig, innadvendt og følsom plate som griper lytteren på et sakte vis med sine snirklete indiepop melodier. vevert og fint låter det, men kan også  brase litt i kantene. Med tekster som reflekterer over tilværelsen, skuffelse, ensomhet, emosjonell nakenhet, stillhet og savn skaper de et egensindig og variert uttrykk det er fint å la seg føres med inn i. Vi slo av en prat med dem om den nye skiva.

 

 

Fortell litt om valget av bandnavnet Avind.

– Det er så lenge sidan vi starta, at eg nesten ikkje hugsar korleis vi valde bandnamnet lenger. Av dei originale medlemmane er det berre meg og Gudmund att i dag. Bandet kom jo som eit initiativ frå meg (Tonje), og mine låtar, men eg veit i alle fall at eg ikkje hadde lyst at merkevara skulle vere namnet mitt, difor ønska vi å finne eit bandnamn. Avind let fint i sjølve ordlyden, og er generelt lite brukt i dag, som jo også er ein god ting når du har lyst å stikke deg fram i ei slags mengde.

Hvilket forhold har dere selv til misunnelse eller nag?

– Sånn eigentleg trur eg ikkje vi har eit veldig sterkt forhold til bandnamnet si tyding i kvardagen. Vi er misunnlege frå tid til annan alle saman, men ikkje så mykje utover det dei fleste folk er.

Kan dere si litt om hva som har skjedd med bandet siden forrige albumet Ta Sjansen?

– Sånn eigentleg trur eg ikkje vi har eit veldig sterkt forhold til bandnamnet si tyding i kvardagen. Vi er misunnlege frå tid til annan alle saman, men ikkje så mykje utover det dei fleste folk er.

– Det mest openbare som har skjedd sidan Ta sjansen er at Eirik Kirkemyr bestemte seg for å slutte i bandet. Det førte til at vi i ein lang periode ikkje hadde nokon trommis, og vi var ganske lei oss for det. Eg, Øyvind og Gudmund fortsatte likevel å lage nye låtar. Først spelte vi inn låta med Remi på gjestevokal, og fekk med oss Martin Langlie i studio. Det ga oss litt ny giv å samarbeide med nye folk, så vi booka inn ein session i Øra studio med Kyrre som er ein gamal kamerat av meg frå studietida i Trondheim. Han er tilfeldigvis også trommis, og var villig til å både produsere og spele litt. I tillegg til han fekk vi med Martin Sandvik som eg, Gudmund og Amund hadde spelt saman med i bandet til Anne Lene Hägglund. Det var openbart at vi måtte fortsetje med arbeidet for å kome oss vidare som band, så fekk situasjonen berre løyse seg etter kvart.

Kristofer Staxrud har blitt med på gitar og trommer siden sist. Fortell litt om ham og hva han har tilført bandet.

– Det morsomme her er jo at Øyvind og Gudmund fekk med Kristofer i løpet av den helga vi var i Øra. Ein av dagane heldt vi på litt seint, og var eigentleg sliten, men dei to bestemte seg for å gå ein tur på bar etter vi var ferdige for dagen. Der traff dei Kristofer, som tilfeldigvis hadde spelt gig med Kristian Grostad og fekk overtalt han til å bli med på ei øving. Kristofer er jo nærmast ein perfekt match for Avind! Han er ekstremt musikalsk, elskar både litt rare og gøye ting, samtidig som han er dønn god på ein streit backbeat. Allsidig, og veldig god trommeslager, og på toppen av det heile så er han like glad i fjelltur og vin som oss andre i bandet. Det var jo meir som eit lykketreff, eigentleg.

Foto: Ådne Evjen
Kristofer, hva var det som gjorde at du hadde lyst til å bli med i Avind og hvordan har det vært å komme med i bandet?

– Jeg likte bandet veldig godt, så da jeg ble spurt om å være med på et par konserter og muligens en innspilling i Ocean Sound var det ikke så mye å lure på. Å spille live med Avind er noe av det gøyeste jeg gjør. Det har enda ikke føltes repetativt eller låst, men heller ganske fritt selv om låtene har tydelig struktur. På første øving fikk jeg beskjed om at den ene låta tjener på å ramle sammen live. Det er en gøy bestilling.

Fortell litt om bakgrunnen for albumtittelen Stiller altfor mange krav og hva dere ville formidle med den.

– «Stiller altfor mange krav» er den einaste heile setninga, i alle tekstane på plata, som blir repetert etter kvarandre i låta «Ikkje tenk på det.»

– «Stiller altfor mange krav» er den einaste heile setninga, i alle tekstane på plata, som blir repetert etter kvarandre i låta «Ikkje tenk på det.» Den låta handlar ganske enkelt om korleis ein som menneske har veldig lett for å havne i tankesirklar som ikkje gjer oss spesielt godt. Det å fokusere på desse tinga på ein god måte, gjer at vi kan bli bevisste på kva som gjer oss akkurat slik, og vi kan senke krava til oss sjølv litt. Det trur eg er eit bra fokus for dei aller fleste, eigentleg.

Live Maria Solberg Louien gjester på «Puslespel». Fortell litt om henne, valget å hente henne inn og hva hun har bidratt med.

– Live er ein god venn av oss, og ein heilt fantastisk bra musikar. Alle som ikkje har sjekka ut Louien må gjere det, vi er fans! Vi spelte inn Puslespel på Giske, og følte veldig på at den mangla x-faktoren, eller at det eigentleg burde vere ein slags duett. Når eg spurde Live om ho ville synge inn stemmer, og kanskje eit vers svarte ho ja med ein gong, og eg må jo seie at eg syns sjølv det blei skikkeleg bra. Det er sikkert ingen som har tenkt så mykje på det, men eg likar veldig godt det finurlege at vi syng vi/oss og hvordan/korleis oppå kvarandre. Den språklege tonaliteten blei veldig openbar for meg når vi arbeidde i studio med denne låta, og eg synest det kling veldig fint saman.

Remi Christensen er med på «Større enn oss». Hvem er han og hva bringer han  til  paletten?

– Remi er jo ein sånn kul rockar frå Os. Han har eit band som heiter Mads Christensen, som eg også vil anbefale å sjekke ut. Catchy rockemusikk og gode gitarriff, what’s not to like, liksom! Remi er også ein god ven, og han er veldig god til å skrive. Når eg stod fast med teksten til Større enn oss, spurde eg om han kunne tenkje seg å skrive eit vers og refreng, og heldigvis for oss sa han at han ville prøve. Verset til Remi har ein utrueg nerve, og eg synest han klarer å formidle den håplausheita av kjærleikssorg på ein heilt spesiell måte. Sjekk også ut låta «Krokodilletårer» av Utakk som han har skrive tekst til, det er verkeleg skikkeleg bra!

Martin Langlie, Martin Sandvik og Kyrre Laastad bidrar også på trommer.  Kan dere si litt om de ulike personenes tilnærming til batteriet og hva som karakteriserer spillestilen og låtene de er med  på?

– Grunnen til at det er så mange trommeslagarar på plata forklarte eg jo litt lenger oppe her, men det har også vore ein morosam prosess å spele med så mange forskjellige, for dei har jo sin individuelle stil alle saman. No blir jo dette litt vår tilnærming av det, og eg håpar eg skal klare å svare noko fornuftig utan at dei føler eg har totalt misforstått. Det mest openbare alle dei fire trommisane som er med på plata har til felles, er at dei i tillegg til å vere habile bak trommene også trakterar ein haug med andre instrument, og har ei totalitær forståing av det som skjer i bandet. Martin Langlie blir eg svært fascinert av som trommis, og at det går an å vere så tight og så laus på same tid er jo ganske vilt. Men det diggar eg verkeleg.

– «Stummande mør(k)e» har på ein måte fått sitt eige liv. Alle i bandet likar veldig godt å spele den live, og den har sakte men sikkert endra seg.

– Martin Sandvik har også sin heilt eigne stil, og tek med inn noko meir leikent i bandet. Han er også svært habil innanfor elektronisk musikkprodukson og lagar eigne ting og remixar under namnet Bartin. Eg synest det er friskt med ein som klarer å dra inn ein referanse frå Outcast til ein låt som Eventyrblanding, veldig gøy å jobbe saman med!

– Kyrre er eit sånt musikkhovud som er open for alt, men også utruleg kresen, og kanskje litt purist? Eg veit ikkje heilt. Vi kjenner kvarandre som sagt frå gamalt av, har begge to lefla ein heil del med frijazz og improv, og er omtrent like glade i Will Oldham. Eg hadde lyst å jobbe i studio med Kyrre for å ha med ein produsent som var open for å gjere andre valg enn vi kanskje hadde tatt sjølv, det er jo lett for at vi havnar i ei slags «group thinking» når vi er både band og produsentar, og så var det jo veldig deilig at nokon andre kunne ta den rolla i studio og styre oss litt. Kyrre sin trommestil er tilbakelent og cool, og eg synest jo du kan høyre ganske godt dei forskjellige spelestilane dersom du høyrer gjennom plata frå start til slutt.

Dere har valgt å spille inn «Stummande mør(k)e» på ny. Fortell litt om det og de ulike versjonene av låten.

– «Stummande mør(k)e» har på ein måte fått sitt eige liv. Alle i bandet likar veldig godt å spele den live, og den har sakte men sikkert endra seg. Når vi var i studio på Giske på Sunnmøre (difor den lille namneendringa), bestemte vi oss for å spele gjennom denne låta heilt først for å komme i gang og varme opp. Øyvind sa, hey vent da, eg berre sett på record! Så det er eigentleg greia, vi tok opp oppvarminga, alt er live, bortsett frå koringa til Amund, for vi hadde ikkje satt opp ein mikrofon til han. Kan jo angre litt på det no, men vi syns opptaket var såpass bra, at vi hadde lyst å ta det med som eit slags bonustrack på skiva.

 Jeg har nå laget noen stikkord som jeg vil at dere skal si noe om forholdet til:
Melodi
Attitude
Gitarfokus

– Eg skal heilt ærleg seie at eg ikkje har eit veldig bevisst fokus på melodi når eg skriv musikk. Eg arbeider som regel veldig strengt med tekstmaterialet, og korleis eg skal klare å få sagt det eg ønskjer på få linjer, som går saman med den andre musikalske konteksten. Ganske ofte berre syng eg teksten og orda, og så dukkar det opp ein melodi av seg sjølv. Når det er sagt så elskar eg jo musikk med god melodi, og eg vil tru at eg underbevisst brukar kunnskap eg har frå å ha høyrt tusenvis av låtar før, og at det på sitt vis verkar inn på musikken vår òg.

– Attitude, ja. Kva skal ein seie, vi er kanskje blitt litt meir vaksne og bryr oss ikkje like mykje om kva andre folk synest vi bør og skal gjere. For oss er musikken det viktigaste. Det er kanskje enno meir tydeleg på Stiller altfor mange krav, enn dei førre platene, at vi prøvar å vere fri frå ein slags sjanger eller bås, men lagar dei låtane vi har lyst til, og formidlar både tekst og musikk slik vi ønskjer det. Heldigvis har Jørn og Banditt Media gitt oss frie tøylar, og vi får ha eigarskap til både skapinga og formidlinga av musikken. Dette trur eg er kjempeviktig for at vi skal ha ei naturleg utvikling som band, og sjølve nerven i det vi held på med.

– Det er vel ingen som blir sjokkert om eg seier at emo og indie er to av sjangerane eg høyrer mest på, men som band er det berre ein liten del av kva vi er.

Gudmund skyt inn på spørsmålet om gitarfokus:
– Det er ikkje noko vi har snakka så masse om. Vi er tre gitaristar, så det er vel ikkje til å unngå at det blir gitarfokus. Men eg har opplevd at lydteknikarar seier at dei har grua seg på førehand etter å ha lest rideren vår, og så seier etter lydsjekk at dei har blitt positivt overraska. Det stiller litt krav til sosial intelligens å vere tre gitaristar. Ein må halde litt kjeft av og til og høyre på kva dei andre har å seie.

Tilbakeholdenhet
Minimalisme
Sårbarhet

– Akkurat på dette området trur eg samarbeidet med Kyrre har spelt inn på det musikalske. Med tekstane har eg alltid vore både minimal og tilbakehalden, og eg hugsar at Peter Vollset (frå The Switch) ein gong sa til meg at eg måtte skrive om eit par låtar, for han skjønte ikkje kva det handla om lenger. Etter dette har eg arbeidd ganske mykje med å klare å vere minimal og tydeleg samtidig. Det er vanskelegare enn ein skulle tru! I tillegg har Avind og tekstskrivinga her vore ein måte for meg å kunne fokusere på såre og vanskelege ting, som folk flest ikkje er så gode til å snakke om. Når eg gjendikta I see a darkness til Norsk for eksempel, så var det fordi den låta hadde betydd så ekstremt mykje for meg med tanke på å vite at ein kan snakke med folk når ting er vanskelege, og at det alltid er nokon der ute som har ryggen din, same kor drit alt er. Sånne ting er lette å gløyme, men så innmari viktige å hugse på.

Emo
Indie

– Det er vel ingen som blir sjokkert om eg seier at emo og indie er to av sjangerane eg høyrer mest på, men som band er det berre ein liten del av kva vi er. Eg trur likevel at det er ei einigheit i bandet om at vi ikkje skal lage musikk fordi det skal passe inn i ein sjanger, men heller bruke den allsidigheita vi har i samansetninga av medlemmane i bandet, til å lage noko heilt eige. Det er innmari kjekt når vi arbeider i lag med nye låtar, og det kjem innspel og referansar frå både Kent, Outcast og Calexico, liksom. Det er kanskje litt der det ligg, å vere indie i dag, det å ha friheit til å arbeide slik ein ønskjer, og lage dei produkta ein sjølv vil, både musikalsk og i merchboden. Sjå opp for skikkeleg indie-merch på neste gig!

Foto: Ådne Evjen
Kyrre  Laastad har  bidratt noe på produsentsiden, mens dere ellers har valgt å produsere selv. Si litt om de valgene og om det han har kommet med og si litt om studioene der dere har spilt inn og hvordan utstyr, rom og atmosfæren der har påvirket lydbildet på platen?

– No hadde vi ikkje hatt med ein ekstern produsent sidan plata som kom i 2018, og vi har utvikla oss meir som eit band der fleire er involvert i låtskrivinga. Det var på mange måtar befriande å kome seg opp til Trondheim og jobbe med Kyrre. For det første var nokre av dei låtane vi skulle spele inn veldig ferske og uferdige, eg kom rett frå eit 5-dagars opphald i NOPA-leiligheita i Berlin der eg både skulle levere to heimeeksamenar og skrive tekstar til det vi skulle rett i studio med. Utruleg nok hadde eg klart å skrive nok materiale til at det var rom for både å legge til og trekke frå delar på låtane. Eg trur at alle fann det ganske befriande å KUN fokusere på musikken og spelinga, og at nokon andre kunne styre prosessen litt. I tillegg klarte Kyrre å pushe oss når vi trengte det, lande nokon veldig gode takes og få fram noko sart og enkelt i låtane. Det er litt dette eg meiner med at han er purist, og klarer å ta vare på det veldig enkle og å gi rom og forsterke det på eit vis. Øra Studio er jo litt av ein plass, og det store innspelingsrommet, i kombinasjon med at dei har alt mogleg rart utstyr gjorde det jo til ein liten leikeplass for oss. Likevel trur eg nok det er det menneskelege som verkar mest inn på lydbiletet vårt, og ikkje tilgangen på utstyr, sjølv om både Øra og Ocean Sound er nokon skikkeleg classy studio med frykteleg bra teknikk.

Det andre bandet til Kristofer, TAPE TRASH, hadde også signert avtale på Banditt Media, så det kjennest litt ut som vi har funne ein liten plateselskapfamilie der.

– Når vi skulle til Ocean Sound hadde Kristofer blitt med i bandet, og vi hadde bestemt oss for at vi skulle produsere sjølv. Det studioet er jo heilt magisk, og Gudmund hadde lyst at vi skulle reise tilbake dit berre for å vere på ferie når vi var ferdige. Det kan jo tyde på at vi slappa av på ein måte ein ikkje så ofte gjer i studio akkurat der! Det blir ganske intenst når heile bandet er i lag frå morgon til kveld, i fleire dagar, spis, sov og arbeider innanfor dei same få kvadratmetrane, men det å isolere seg slik gjer også at vi blir betre kjent med oss sjølv, og byggjer opp eit samhald som smittar over både i det musikalske både når vi lagar musikk og spelar live, på godt og vondt. Og med tre vestlendingar og to med nokså sterke band til vestlandet i bandet, så var det vel ikkje heilt feil med litt havutsikt som inspirasjon heller.

– Brageveien er heime for oss. Både Øyvind, Gudmund og Amund er deleigarar i studioet, og det er her vi øver, jobbar og heng ut det meste av tida. Minst to av oss har jobba på kafeen på hjørnet, og vi kjenner dei fleste i nabolaget. Det er jo frykteleg privilegert, eigentleg, å ha eit studio midt i tjukkaste Oslo, så det er vi takksame for. Brageveien er ikkje så stort, men det har eit enormt hjarterom, og er ein veldig god plass å vere. Øyvind jobbar også som produsent for andre i Brageveien, og det at det kjem innom andre musikarar med andre vibbar og tankar rundt det å jobbe med musikk er jo veldig kult. Vi plar ha små konsertar for kvarandre der vi inviterer naboar og folk som jobbar i studioet, som er nokon skikkeleg fine kveldar.

Dere har byttet plateselskap til Banditt Media, fortell litt om dette valget og den nye labelen deres.

– Når vi begynte å jobbe med den nye plata visste vi at vi måtte finne eit nytt plateselskap. Stian hadde bestemt seg for å legge ned Snertingal, eller i alle fall legge det på is, før vi slapp Ta sjansen. Det var eigentleg litt kjipt for oss, for når plata kom ut hadde vi faktisk ikkje noko distribusjonsavtale lenger, men prosessen var komt så langt at det var vanskeleg å få gjort noko med. Jørn på Banditt Media var gira, og når han både ga oss ei god kontrakt og ein fin distribusjonsavtale gjennom Playground Music var det eigentleg ikkje så mykje å tenkje på. Det andre bandet til Kristofer, TAPE TRASH, hadde også signert avtale på Banditt Media, så det kjennest litt ut som vi har funne ein liten plateselskapfamilie der.

Kan dere til slutt velge noen favorittlåter hver fra 2023 og si noe om dem.
Tonje:

Breathe – Misty Coast

– Dette er min absolutte norske favorittlåt frå i år! Elskar soundet, supercatchy, fin tekst, gler meg ekstremt mykje til å gå på konsert med dei Misty Coast snart.

Jeg slutter meg selv – Lost Girls

– Dette prosjektet til Jenny Hval og Håvard Volden synest eg er så kult, og eg blei veldig glad og gira over at det var norske tekstar på nokon av låtane! Diggar også den kompromisslause språkblandinga, og så får eg litt vibbar til Sebastien Tellier, som eg meiner må vere utelukkande positivt!

Not strong enough – Boygenius

– Av desse tre damene er eg nok aller mest glad i Julien Baker, men for eit team! Kunne satt opp heile denne plata, egentlig.

A&W – Lana del Rey

– Lana har gått på repeat i heimen i 2023. Ho er ein mester på musikalske stemningar, og har heilt enorm melodisk teft. Og så elskar eg at ein så «kommers» artist gidd å gi ut låtar som er over 7 minutt lange.

Story of blood – John Cale feat. Weyes Blood

– John Cale og Weyes Blood saman måtte jo bli bra! Uansett ellevilt at John Cale fortsatt er vital og gir ut så bra plater i 2023. Diggar det, og håpar eg skal klare å halde like lenge som musikar og komponist sjøl. Lifegoal!

Øyvind:
Buck Meek – Mood Ring

– Køntri som ikke er køntri i det hele tatt.

James Blake – Loading

– Beste tekstlinja i 2023 «Wherever I go, I’m only as good as my mind, which is only good if you’re mine.»

Unknown Mortal Orchestra – Layla

– Gud hjelpe meg så godt å ha han her tilbake sånn.

Cezinando – Mysteriet

– Blir voksen på best mulig måte her. Følsomt og jævlig aggressivt samtidig. Emopunk-pop.

Blur – The Narcissist

– Første gang jeg har stått på Øya og sett et band jeg egentlig vil se av nostalgi-grunner – og så bli slått mest i bakken av vitaliteten i de NYE låtene.

Fred again.. + Brian Eno – Enough

– Irriterende å være så kjekk, så hipp, så produktiv og samtidig så føkkings bra. (Og så fasan meg bestevenn med Brian Eno bare for å toppe det da selvsagt) Helt nydelig låt og plate.

Gudmund:
Buck Meek – Paradise

– Eg diggar alt eg har høyrt med Big Thief og Buck Meek solo. Inspirerande gjeng. Kan høyre på sånn gitarlyd som dette i årevis utan å bli lei.

Frida Ånnevik – Danse og grine

– Øyvind har produsert, men eg vel å ikkje vere inhabil likevel. Fantastisk kombinasjon av catchy låt og viktig tekst.

Marty Stuart – Altitude

– Eg elskar Marty Stuart og bandet hans. Ikkje så mykje meir å seie, eigentleg. Kjem dei tilbake til Europa kjem eg til å reise rundt overalt på konsertar med dei.

Tyler Childers – In Your Love

– Den nye plata hans er ein av dei beste nye countryplatene eg har høyrt på lenge. Eg var sikker på at dette måtte vere ein cover av ein eller anna klassisk låt frå åttitalet eg aldri hadde høyrt, men det var det ikkje.

Pseudo Fruit – Tre planeter

– Eg likar så godt at dei berre spelar ein tone om att og om att. Helsar til eks-trommis Eirik.

Kristofer:
Louis Cole – Dead inside Shuffle

– Råeste fyren. Tror han spiller alt selv, og mikser og alt. ALT.Chantal Goya – Tu M’as Trop Menti. Brukes i filmen the French Dispatch. Husker veldig lite av filmen, men måtte stoppe filmen og google låta. Veldig kul lyd og spilling av trommer.

whenyoung – Gan Ainm

– Oppdaget denne gjennom FC24 (FIFA24). Meget behagelig låt. Hører ofte på den.

Death Cab for Cutie – Wheat Like Waves

– Favoritt fra siste plata. Spiller veldig på Transatlanticism-nostalgi.

blink-182 – Anthem part 3

– Apropos nostalgi. Favorittband fra 9. klasse gir ut nytt album, og jeg har ikke klart å slutte å høre på det. Et album designet for å tilfredsstille gamle fans.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*